Slik var det det gjekk meg
Lyrics
Høyr no her skal du høyre
Korleis det meg gjekk
Eg var ute på køyre
Men bilen va vekk
So tok eg ein rotur
Men båten sprang lekk
Og bilen eg mangla
Var óg utan dekk
Eg møtte ei ljos drås
Som sa eg var kjekk
Men før eg fekk fridd så
Var sexbomba vekk
Så skreiv eg til nokon
Som passar for meg
Og tusen svar fekk eg
Frå eitt tusen kveg
Eg søkte meg arbeid
På møbelfabrikk
Eg spikra kommodar
Heilt til det sa klikk
Men sjefen min sa
"Du er ikkje for kvikk
Nei prøv deg som sjømann forsøk Titanic"
Så vart eg då sjømann
Som jobbmann på dekk
Og då eg fekk landjobb
På pubben eg gjekk
Der vart eg for lenge
Og båten min gjekk
Så då eg steig ombord att
Var båten min vekk
Eg vil ikkje hykle
Eg veit kva eg kan
Og eg veit eg kan sykle
Og så drikke tran
Ja og så les eg Mykle
Og gjer slik som han
Og Solveig frå Bykle
Var mi litegrann
Så kom eg i bryllaup
Det var faktisk mitt
Men so vart eg skild att
For slik skjer jo titt
Eg vart nokons sturen
Det var ikkje fred
Det vart den torturen
Farvel då May Britt
Eg går ned på bøen
Her eg trimmar eg mest
Eg ser ned på sjøen
Den likar eg best
Slik var det det gikk meg
På ilt og på godt
No eg leigar ei hytte
Bak Røkke sitt slott
Så no er eg heime
Og har snart pensjon
Eg er kun åleine
Men driv litt mosjon
Eg vart ingen suksess
Med mynt og med kron
Nei eg vert nok ikkje
Ein ny Olav Thon
Writer(s): Bob Dylan
Copyright(s): Lyrics © BMG Rights Management, Universal Music Publishing Group
Lyrics Licensed & Provided by LyricFind
The Meaning of Slik var det det gjekk meg
Be the first!
Post your thoughts on the meaning of "Slik var det det gjekk meg".